Arrangement

plakat4.jpg
plakat4.jpg

Hildegunn og Leif-Per UTAN Kringkastingsorkesteret

Fredag 28. mar.Fre. 28. mar. kl. 19.30
- Storsalen

Kategori:
Humor | Show

Varighet:
Ca 1t og 20 min uten pause

Billettpris:
Kr 520,-

Noregs mest eksentriske humorduo er endeleg tilbake på norske scener! 

Hildegunn og Leif-Per Moltubakk var éin av 90-tallets største revysuksessar og selde meir enn 170.000 billetter frå nord til sør. Og mykje har skjedd i livet til frua frå Ulsteinvik sidan sist: Ho har skilt seg, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality. Leif-Per har bytta til EL-drosje, han har fått vakuumtoalett på hytta si – og brenn inne med landets største DVD-samling – men er han singel?

Det er som alltid mykje action når Hildegunn skal ha konsert, og denne gongen satsar radarparet frå Sunnmøre mellom anna på alle dei moglegheitene som melder seg når ein IKKJE skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret. 

Det er berre å belte seg fast for ein absurd humorkveld som ikkje liknar så mykje anna! 

Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.

Bilder:

  • Bilde fra forestillingen